fredag 6. november 2015

Rus og psykisk helse
Dei neste to vekene skal vi ha eit prosjekt om «Rus og psykisk helse». Vi skal legge ut innlegg om Alkohol, «kva ungdomskultur er?», «korleis vi skal få eit betre klassemiljø?» og ungdom og mote. Deretter skal vi få karakter på det.  Nokre av innlegga kjem til og vere faktatekstar, andre refleksjonstekstar. Først skal eg skrive eit innlegg om alkohol ut frå det vi lærte i naturfagstimen.

Alkohol:
Du kjem nok til å oppleve ein gong i livet ditt at venner/bekjente vil tilby deg alkohol. Det er viktig at du bestemmer heilt sjølv om du vil smake / drikke alkohol, og at ingen presser deg til å drikke. Det finst mange alkoholhaldige drikker. Felles for dei er at dei inneheld stoffet etanol, som  gir rusverknad.(Ekeland,s.72.) Vi skil mellom øl, vin og brennevin.

Dersom ei gravid kvinne drikk alkohol, kjem alkoholen over i blodet til fosteret og det gjer at fosteret for same promille som mora. Eit foster kan bli skadd av når mora drikk alkohol, og det kan gjer at dei for barn med alvorlege alkoholskadar. Barn som  er utsette for alkohol, kan bli forseinka i utviklinga på fleire område.(Ekeland, s.72.)

Forbruket av alkohol er størst blant unge menneskar, å pleier som regel og minke i 30 års alderen. (Ekeland , s.73.) Men det viser seg nå at ungdommar er ganske seine med å drikke eller så er dei ganske tidlege. Det er mange som drikk ganske sjeldan, men det kan vere at dei drikk ganske mykje når dei fyrste drikk. Ein som tek til å drikke før fylte 14, har mykje større risiko for å bli alkoholavhengig innan ti år enn ein som drikk etter 20 års alderen. (Ekeland, s.73.) Lova seier at ein må vere 18 år for å få kjøpt alkohol.

Når alkoholen kjem ned i magen og tarmane, blir han straks teken opp i blodet og frakta rundt i  kroppen. (Ekeland, s.74.) Dess meir alkohol du har fått i kroppen, dess lengre tid vil det ta før alkoholen er ute av kroppen. Alkoholen gjer slik at samarbeidet mellom hjernecellene endrar seg. (Ekeland, s.74.) Det er ikkje lov og køyre viss du har alkohol i kroppen, fordi det kan ende med masse ulykker. Litt alkohol er rundt 0,5 promille. (Ekeland, s.75.) Alkohol påverkar mange hormon. Folk oppfører seg annleis når dei for alkohol i seg, dei blir litt meir gira og tørr å gjer meir ut av seg. (Ekeland, s.76.) I Noreg er alkoholmisbruk det største sosiale problemet vi har. Over 200 000 har veldig høgt alkoholinntak som gjer at dei for sosiale, fysiske og psykiske problem. (Ekeland, s.76,)

Du kan få masse skadar etter langvarig alkoholmisbruk.  Det kan føre til helseskadar, meir ein 60 ulike sjukdommar er knytte til alkoholbruk. (Ekeland, s.76.) Viss du har eit alkoholmisbruk kan du få skadar på personlegdommen og i familien , skadar på nervesystemet og skadar på levra. (Ekeland, s.77.) Det er lovleg og selje alkohol i Noreg, men vi bør vite kor mykje det er lurt å drikke. For vi veit at det kan skje skadar viss ein drikk for mykje. Det er mange som vel å drikke og det er mange som vel og ikkje drikke.

Kjelder:
Ekeland, Per Roar m.fl., Tellus 9, Aschehoug. 2007




2 kommentarer:

  1. Mykje god informasjon, Rebecca. Det er fint at du oppgir kjeldene, men du treng ikkje gjere det så ofte som du gjer. Det held å gjere det omlag etter kvart avsnitt.

    SvarSlett
  2. Mykje god informasjon, Rebecca. Det er fint at du oppgir kjeldene, men du treng ikkje gjere det så ofte som du gjer. Det held å gjere det omlag etter kvart avsnitt.

    SvarSlett