fredag 6. november 2015

Rus og psykisk helse
Dei neste to vekene skal vi ha eit prosjekt om «Rus og psykisk helse». Vi skal legge ut innlegg om Alkohol, «kva ungdomskultur er?», «korleis vi skal få eit betre klassemiljø?» og ungdom og mote. Deretter skal vi få karakter på det.  Nokre av innlegga kjem til og vere faktatekstar, andre refleksjonstekstar. Først skal eg skrive eit innlegg om alkohol ut frå det vi lærte i naturfagstimen.

Alkohol:
Du kjem nok til å oppleve ein gong i livet ditt at venner/bekjente vil tilby deg alkohol. Det er viktig at du bestemmer heilt sjølv om du vil smake / drikke alkohol, og at ingen presser deg til å drikke. Det finst mange alkoholhaldige drikker. Felles for dei er at dei inneheld stoffet etanol, som  gir rusverknad.(Ekeland,s.72.) Vi skil mellom øl, vin og brennevin.

Dersom ei gravid kvinne drikk alkohol, kjem alkoholen over i blodet til fosteret og det gjer at fosteret for same promille som mora. Eit foster kan bli skadd av når mora drikk alkohol, og det kan gjer at dei for barn med alvorlege alkoholskadar. Barn som  er utsette for alkohol, kan bli forseinka i utviklinga på fleire område.(Ekeland, s.72.)

Forbruket av alkohol er størst blant unge menneskar, å pleier som regel og minke i 30 års alderen. (Ekeland , s.73.) Men det viser seg nå at ungdommar er ganske seine med å drikke eller så er dei ganske tidlege. Det er mange som drikk ganske sjeldan, men det kan vere at dei drikk ganske mykje når dei fyrste drikk. Ein som tek til å drikke før fylte 14, har mykje større risiko for å bli alkoholavhengig innan ti år enn ein som drikk etter 20 års alderen. (Ekeland, s.73.) Lova seier at ein må vere 18 år for å få kjøpt alkohol.

Når alkoholen kjem ned i magen og tarmane, blir han straks teken opp i blodet og frakta rundt i  kroppen. (Ekeland, s.74.) Dess meir alkohol du har fått i kroppen, dess lengre tid vil det ta før alkoholen er ute av kroppen. Alkoholen gjer slik at samarbeidet mellom hjernecellene endrar seg. (Ekeland, s.74.) Det er ikkje lov og køyre viss du har alkohol i kroppen, fordi det kan ende med masse ulykker. Litt alkohol er rundt 0,5 promille. (Ekeland, s.75.) Alkohol påverkar mange hormon. Folk oppfører seg annleis når dei for alkohol i seg, dei blir litt meir gira og tørr å gjer meir ut av seg. (Ekeland, s.76.) I Noreg er alkoholmisbruk det største sosiale problemet vi har. Over 200 000 har veldig høgt alkoholinntak som gjer at dei for sosiale, fysiske og psykiske problem. (Ekeland, s.76,)

Du kan få masse skadar etter langvarig alkoholmisbruk.  Det kan føre til helseskadar, meir ein 60 ulike sjukdommar er knytte til alkoholbruk. (Ekeland, s.76.) Viss du har eit alkoholmisbruk kan du få skadar på personlegdommen og i familien , skadar på nervesystemet og skadar på levra. (Ekeland, s.77.) Det er lovleg og selje alkohol i Noreg, men vi bør vite kor mykje det er lurt å drikke. For vi veit at det kan skje skadar viss ein drikk for mykje. Det er mange som vel å drikke og det er mange som vel og ikkje drikke.

Kjelder:
Ekeland, Per Roar m.fl., Tellus 9, Aschehoug. 2007




tirsdag 3. november 2015

Ungdom og mote

Teksten eg las handla om at vi ungdommar følgjer mykje av stilen til vennene vårs, sidan det er ikkje alle som vil skilje seg  ut. Det stod også noko om mobiltelefoner at før brukte ikkje ungdommane så mykje pengar på å sende meldingar til folk slik vi ungdommar gjer nå. Nokon er kanskje redde for at dei kommer til og bli mobba viss dei går i noko annleis, det er berre kult og skil seg ut. Du kan ikkje bli mobba får at du går i nokon klede du liker? Skulle liksom vi som går i litt annleis klede mobba dei for at dei går i dei kjedelege kleda kvar dag? Nei, dei kan vi ikkje så alle må forstå at folk liker forskjelleg. Nå i dag er press om merke klede spesielt hoss jenter, mange kjøper merke kleder «for dei kule der har det». Ein blir ikkje kulare av og ha merke klede, det er ikkje alle som har råd til dyre klede heile tida. Vi skal gå med det vi sjølv liker.


Det eg meiner etter og ha lese denne teksten er  at alle bør kjøpe klede ein sjølv likar og ikkje kjøpe klede som ein ikkje likar berre fordi dei og dei går med det. Ingen skal bli mobba for kleda dei går med fordi ein likar forskjelleg. Ikkje ver redd for og skil deg ut, det er mykje kulare og skil seg ut enn å gå likt som nokon andre. Ein treng ikkje ha merkeklede, det er like kult og ikkje ha merke. Når det gjeld mobiltelefoner så meiner eg at man treng ikkje bruke dei så mykje, det er mykje gildare å finne på noko med nokon enn å sitte og skrive meldingar kvar dag heime.  Ein har ikkje godt av å sitte og trykke på mobilen frå morgon til kveld. 

http://rle-nett-nynorsk.cappelendamm.no/enkel/seksjon.html?tid=1316342&sec_tid=1249154

onsdag 28. oktober 2015

«Korleis få eit betre klassemiljø?»

Det vil alltid ver nokon som står aleine og ikkje har det så bra på skolen, men vi menneskar legger ikkje merke til det. For vi som har det gildt har det jo gildt, da tenker vi ikkje å sjå om det faktisk er nokon som står aleine og ikkje har det så fint. For dei som står aleine kvart friminutt og får frekke kommentarar av og til, det påverkar korleis dei er i timane at dei ikkje tørr rette opp handa og delta i timane slik som dei så har det bra på skolen. Det er viktig at alle har nokon dei kan gå med at alle har det kjekt på skolen for viss dette går ut over korleis dei er i timane vil ikkje dei lære noko, for da sitter dei berre og er leie seg og tenker på dei stygge kommentarane og alt som har skjedd. Det gjer slik at alt energien deira blir brukt på og tenke på situasjonane som har skjedd.

Viss vi tenker oss at alle hadde trivst på skolen å komet heim smilane kvar dag for dei har hatt ein bra dag på skolen. Det ville vert kjempe godt fordi slik du har det på skolen påverkar korleis du har det i kvardagen din. Da ville alle fått lært noko i timane, med mindre nokon er slik at dei ikkje gidde lære og fylle med i timane.

Eg meiner viss vi skal få eit enda betre klassemiljø at alle passer på at alle trivst i klassen og i timane. I friminuttane at alle prøver så godt dei kan og passe på at alle har nokon og verma, viss dei ser nokon står aleine då går dei bort og får han med seg. Ingen gjer stygge kommentarar til nokon, sjølv om ein ikkje meiner det det frekt kan det høres frekt ut så vi bør tenkje over korleis vi seier ting også. 

ALLE MÅ TRIVST PÅ SKOLEN!

 

Kjelder:

«Kva er ungdomskultur?»

Når ein høyrer ordet ungdomskultur tenkjer ein kanskje ein kultur av unge folk. Ungdomskulturen oppstod når rocken kom, fordi det var så mange unge som likte denne musikken. Dei kledde seg annleis ein dei eldre dei gjekk i olabukser og skinnjakker.

Etter andre verdskrig fekk familiar betre økonomi og etter kvart fekk ungdommar også betre økonomi. Klesindustrien blei interessert i slik ungdommane kledde seg. Ungdom utvikla sin eigen kultur og blei ei mottakargruppe for motar, musikk og film retta mot dei.


I dag når ein høyrer ordet ungdomskultur tenkjer ein det som skil ungdom frå barndom og vaksenverda. Barn leiker meir og er meir avhengig av foreldra mens ungdommane vil helst ikkje ha med foreldra eller vere med dei, dei vil bestemme sjølv kva kler dei ska ha på. Dei 60 siste åra har dette utvikla seg til ein ungdomskultur. 

http://rle-nett-nynorsk.cappelendamm.no/enkel/seksjon.html?tid=1316342&sec_tid=1249154

onsdag 21. oktober 2015

OD- dagen

OD står for Operasjon Dagsverk. Dette er ein dag der dei som vil kan jobbe får og tene pengar til ein god sak for og hjelpe folk som ikkje har det så godt. Pengane vi samlar inn går til Amnesty. Dei ønskjer at vi barn skal lære korleis vi kan bidra til ein betre verden, og at vi skal forstå at verden er urettferdig. Målet med OD er at alle skal få retten til og klage på småting i livet, slik dei slepper og streve med dei store tinga.

 

Dette året går pengane til Argentina, Chile og Peru, at dei unge skal få seksuelle rettigheiter. Da kommer dei til og få eit mykje betre liv, får det hende ganske ofte at unge i desse landa opplever overgrep, voldtekt, kan bli mobba får og ha ein anna legning, eller ikkje tørr og ta abort. Det er det vi skal jobbe får i år slik desse unge som bor i desse landa ikkje har det slik.

På OD-dagen har eg tenkt til og hjelpe til heime får at dei unge i desse landa skal få det godt. At pengane går til Amnesty er jo rett, får da kommer dei der det skal. Da vett vi at desse unge som trenger desse pengane får dei. For viss alle skulle gjort det sjølv hadde vi kanskje ikkje gidd pengane til dei som trenger det.




torsdag 15. oktober 2015

Menneskeretter:
Menneskerettar er rettigheiter folk i alle land har, uansett kjønn, religion, alder eller nasjonalitet. Tanken om dette oppstod for mange hundre år sidan, men forde var det ikkje noko system som sikra desse rettigheitene. Det var da FN blei oppretta dei begynte å få til eit slik system. Verdens erklæringa er det viktigaste grunndokumentet i det internasjonale arbeidet for menneskerettigheiter. Den består av 30 artiklar, og den blei vedtatt den 10. desember 1948. Det er vanleg og dele menneskerettane inn i to grupper, og den første blir kalla politiske og sivile rettigheiter og den andre blir kalla økonomiske, sosiale og kulturelle rettigheiter.

Politiske og sivile rettigheiter:  
Det handlar om rettssikkerheit, fridom, og rett til og delta politisk i samfunnet. Ytringsfridommen og prinsippet om at alle skal ver like for loven er eksemplar på politiske og sivile rettigheiter.

Økonomiske, sosiale og kulturelle rettigheiter:
Det handlar om at vi får lov til og har vår eigen religion, eigen kultur og slik. Retten til arbeid, utdannalse, eit godt eksempel på slike rettigheiter er gode nok levestandard.

Eg meiner at alle rettigheitene er ikkje like viktige som alle, alle er jo så klart viktige retter, men alle er liksom berre ikkje like viktige. For eksempel at alle har rett til å arbeide, det er ikkje akkurat like viktig som at ein person skulle blitt fengslast for at den hadde ei anna tru.