onsdag 28. oktober 2015

«Kva er ungdomskultur?»

Når ein høyrer ordet ungdomskultur tenkjer ein kanskje ein kultur av unge folk. Ungdomskulturen oppstod når rocken kom, fordi det var så mange unge som likte denne musikken. Dei kledde seg annleis ein dei eldre dei gjekk i olabukser og skinnjakker.

Etter andre verdskrig fekk familiar betre økonomi og etter kvart fekk ungdommar også betre økonomi. Klesindustrien blei interessert i slik ungdommane kledde seg. Ungdom utvikla sin eigen kultur og blei ei mottakargruppe for motar, musikk og film retta mot dei.


I dag når ein høyrer ordet ungdomskultur tenkjer ein det som skil ungdom frå barndom og vaksenverda. Barn leiker meir og er meir avhengig av foreldra mens ungdommane vil helst ikkje ha med foreldra eller vere med dei, dei vil bestemme sjølv kva kler dei ska ha på. Dei 60 siste åra har dette utvikla seg til ein ungdomskultur. 

http://rle-nett-nynorsk.cappelendamm.no/enkel/seksjon.html?tid=1316342&sec_tid=1249154

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar